fredag 6. januar 2012

Nytt år, nye mulighetar!

Godt nyttår alle saman! :D

Håpe alle feirte stort og hadde ei fin romjul! Nå er me på veg inn i eit spennande nytt år, med mange nye mulighetar. Her nede startar me med ferske ark, og jobbar fram mot å få gården skikkeleg fin. Ute er det sprøyting av tistlar (noko som skjer frå firhjuling og traktor). Me har også eit lite problem med at det ikkje har regna her på tre veker. Så me har ikkje noko vatn. Nesten, så alt går til kyrne som skal drikke. Så det blir sjonglering for å få tak i vatn til mennesker, maskiner og dyr. Men har klart det til no og skal framleis klara det.

Hadde ei heilt fantastisk jul, med familien her nede, fekk til og med julestrømpe! Var ute og stod på vannski andre juledag, var utruleg kjekt. Men kjente godt at eg savna ei god norsk jul, med graut til nissen, og berre ha ei roleg og avslappa romjul. Her føyk dagane forbi, og plutseleg var det nyttår. Var veldig heldig og fekk fri på nyttår også, og to dagar etter på. Så då reiste eg og ei amerikanske vennina opp til Queenstown, for å sjå kva som skjedde der. Dei som eg arbeiddar med var også der, men me skulle bu med nokre folk frå Nederland! Det blei ei utruleg interessant helg. Der mange gode minner kjem til å henge i meg lenge! Det var utruleg morosamt! Og Queenstown er ein heilt fantastisk plass, liknar mest på Noreg, med fjell og ein stor innsjø som ligg der! Dersom ein reisar til New Zealand vil eg anbefala dei å ta ein tur til Queenstown, det er eit must see!

Uten om det har me hatt litt grillingar, og hadde ein koselige tacokveld med andre arbeidarar. Nå skal dagane komme inn i sin vante gang igjen, og det skal bli merkeleg men litt godt også! Har byrja å arbeida med at ein jobbar seks dagar på, så to dagar av. Noko som nesten vil følast som ferie. Har også bytta slik at eg faktisk får ei heil veka av, nå i den næraste framtid. Då skal eg og nokre venner opp til Queenstown igjen faktisk, og hoppe ut av eit fly! Pluss ta ein helikopter tur, rafte elv, og kjøra jetboat! :D Gu eg gler meg!!! :D Har fått nokon fantastiske venner her nede, folk er opne og velkomne og vil gjera det meste for at ein skal trivast! Så lenge ein sjølv og har ei god haldning vil alt gå fint! :D

Er også komt veldig godt inn i arbeidet, og me arbeiddar godt saman! Derfor er det kjekt å vera på jobb, og det er spanande å sjå forandringane i det som skjer. Ingen dag er lik, og det skjer alltid noko nytt! :D Ikkje bare gode ting, men litt utfordringar må til, det er slikt ein lærar av!

Som sagt! Nytt år, nye mulighetar! nyt det! :D