lørdag 24. desember 2011

Happy X-mas and a merry NEw Year! :D

Vil med dette ønske alle ei fantastisk jul! :D den er nok godt i gang heima nå, og begynner snart her nede. Igår hadde me ein liten før julsmiddag med familien, og nå er det snart frukost oppe i fjosen med arbeidarane, også blir det julelunch med rundt 20 stk. Blir heilt merkeleg å ha det på sommaren, og ha kald mat i stedet for varm, men det er ei ny oppleving! :D

Så ønske alle ei fantastisk Romjul og eit godt nytt år! :D

tirsdag 20. desember 2011

Snart Jul!

Sorry for at eg ikkje klare å oppdatera kvar veka! Er så mykje som skjer, og dagane går mykje i ett. Er oppe tidleg om morgonen for å melka, så er det bånngass, med ulike oppgåver. Blir mykje firhjuling og moped kjøring.  før det blir kveld og eg fere ut med venner, (andre trainees som eg har truffet) eller har ein grilling med familien, eller noko. Nokre dagar er det berre rett i seng også.

Har elles begynt å gå til treningssenter, for å sjå om eg kan komma litt i form. Og har vore på ulike shoppingturar, og har mykje opp og ned, i forhold til koss veret har vore :)

Me har mista ein arbeidar, han forlot oss i midten av Desember, men det var nesten like så greit, for han var vist ikkje så flinke i arbeidet sitt. Og når han ikkje gjorde det skikkeleg (fordi han ikkje likte det) måtte andre gjera arbeidet etter på.. og det er ikkje så bra. Er mykje som skal gjerast før jul, og familien stresse med juleforberedelsar. Sende ut kort, og sende kalvar avgårde, spraying av tistlar, og lage siloballar. Slår gras for kyrne og alt.

Har dei to siste vekene hatt ulike ulykker her også, men alt har heldigvis endt godt, og nå ser me veldig fram til jul, den 25. desember. Sida dei gjere alt bakvendt her, og feire jul ein dag seinare.. :P

Har også hatt kurs om å unngå å få halte kyr, noko som var utruleg interessant, me må bare prøva å gjera slik som dei sa me skulle gjera. Dette er ikkje eit problem heima i Noreg, men er eit stort problem her. Så det er litt spanande å sjå forskjellen.



English : Sitting here during lunch writing my blog! Hasn't had the time lately to write that much, sorry for that! My English is improving, I think, I'm faster at getting the boys back when they say something atleast. And it feels more comfortable talking to other people that I meet on bbq and stuff. Like in Norway we have christmas tables, where you eat christmas food and get together for some talking. Down here it is bbq and being out in the sun! :)

Getting to meet heaps of new people, and learning to know them. Driving around in my car and seeing new places aswell. Starting to play some soccer, and been to the gym with some friends, and stuff like that.

It is soon xmas, and the farm work is going that way to. Nothing slows down! just continues going ahead with stuff. And there is alot of work do be done, something that is quite good! :) Lost a member of the staff, he went away to work on another farm around middle of december. But he was apparently the weak link on the farm, so they didn't seem to sad about it! :)

Now I can't write more, because my lunchbreak is soon over, and have to go and spray some thistles, or wait, have to drive around on my fourwheeler doing that! :D that is fun! soo see ya later alligator ;)

fredag 9. desember 2011

Frihelg! xD

Hadde ei fantastisk frihelg tidlegare! Var først ute og blei betre kjend med kiwiar på onsdagen, så var det avreise på Torsdagen, og tok bilen med på ein langtur! :D Reiste kysten oppover mot Methven som er ligger mellom Asburthon og Christchurch. Der skulle eg overnatte hjå foreldra til Collette mi mor her nede. Var litt skummelt det å reise til ein familie som eg ikkje hadde truffet før, men nøyt veldig godt å kjøra oppover kysten, var ein fantastisk dag! Og veldig greie vegar å kjøra på! :) Grunnen til at eg skulle opp der var fordi eg skulle på eit seminar med andre trainees.

Turen oppover var heilt fantastisk! Såg mykje flott natur, og første desember kom eg meg på ei nydelige strand og bada. Var nesten ikkje folk der, men var ei lang sandstrand som var heilt kanonfin! Bada, og tørka medan eg var på land, i sola, så uti igjen! Gu det var godt. Fordi den dagen var varm. Rett før eg reiste var det ei dame eller mann som fekk heteslag på butikken i Balclutha! Kjørte så heile dagen, hadde middag på Mcdonalds og var framme i Metvhen seint på kvelden, fant ikkje det rette huset så blei til at eg helste på naboane før eg endeleg fant rett hus og rett seng. Var godt å sova litt lenger. Så var det å orinentera seg fram til Ashburton for å møta dei andre traineeane og lera meir om programmet og reise på politistasjonen. Så då var det buss heile vegen til Christchurch, (det er der det store jordskjelvet har vore) Var innom politihuset og fekk veta at fordi eg var frå Noreg var det 102 prosent sjanse for å dø på vegane her, eller noko sånt, forstod ikkje heilt det han sa, men drive safely stay left at all time! :) Så var det obstacels course, eller klatring i tre!! :D var utruleg løye. hadde ikkje lest skikkeleg igjennom infoen så eg endte opp med å tape flippflopper og klarte trea med det. Medan alle andre hadde joggesko! :D men klarte likevel nivå 1,2,3 og 5 men var desverre ikkje tid til slutten, me hadde berre ein og ein halvtime. Så var det middag på speights Ale house, før me gjekk ut for å sjå korleis byen var. Var spanande med tanke på at dette området vart ramma av jordskjelv berre eit halvt år tidlegare!

Dagen etter på var det tilbake til Ashburton og mini olympics der me også skulle bli kjent med folk som hadde komt litt tidlegare på året. var ei heilt fantastisk helg!!

Etter miniolympics og eit telt som nesten datt i hovudet på meg, var det på tide å pakka i bilen, setta på musikken og reisa nedover sentral på sør øya. Så reiste gjennom nydelig fjelllandskap, såg fantastiske innsjøar, og hadde det heilt flott... Stoppa ved Lake Tekapo, noko som var heilt fantastisk, vatnet var så reint og fint at det går ikkje an.. Var også innom eit veteran bil og tractor museum i ein liten by kalla Geraldine! Det var utruleg mange tøffe kjøretøy der! og gamle verktøy. Fekk også tid til å stoppe ved ulike Lord of the rings places!!  var veldig fint og vil gjerne finne fleire !

Så plukka eg med meg ein tysk haikar frå roxburg! og kjørte han til Milton, så det vart ein litt lengre tur enn planlagt men, var kjekt å ha litt selskap også! Fant så til slutt vegen heim, og rett i seng før arbeid på mandagen! :D

Gu for eit flott landskap di har her nede og så forskjellig det er frå kor du er i landet. Er veldig likt Noreg, med vestlandet, sørlandet, Østlandet og Nordlandet :P

onsdag 30. november 2011

dagane fyke! :D

Har hatt ei fantastiske veka! På søndag var me ute og prøvde vannski! og knebrett, og biscuit, det gjekk heilt kanonbra, var utruleg kjekt! Traff på ei gruppe med backpakkers frå ulike land også, som ble med oss med vannski, og andre ting. Nokon av dei var utruleg dyktige medan andre ikkje så dyktige. Men me hadde alle det veldig kjekt, og var ei koselige familiestund! :D Så har me hatt nokre flotte dagar, med sol, og deilig varme. Oppe tidleg nokre av dagane, mens andre dagar kunne eg sova til 8 :D Ute å fore kalvar, og dehorning them, sette øyremerker i øyrene og sende dei avgårde vekk! Melke mange kyr, og faceplante mellom steinar :) Det er allerede torsdag, og ska reisa opp til Ashburton seinare idag! Der eg skal møta andre trainees på eit seminar, før me skal på mini olympics, noko som er mange ulike oppgaver som ein skal gjera, og konkurrera med andre :)

Har også fått vore ute å shoppa litt, og vente på å få bankkort i posten slik at eg kan ta ut penger og faktisk ha noko å rutte med... Idag har eg fri, så då passe det å oppdatera bloggen! Er fri slik at eg kan reise. Så er no ferdig pakka, og nesten klar. Må til banken å ta ut noko penger, men uten om det så blir det tipp topp! :)

Igår er første dagen eg har klart å ha det på nivå 8 som er det nivået gutane er på med melking, å framleis stå med brua der kyrne kjem på. Gjekk nesten ikkje av matta, og hadde ingen tomme hull, eller plasser der det ikkje var kyr på. Så det betyr at eg også fekk til å arbeidda med kontrollpanelet samtidig som eg melka! :)

Skal bli godt med ein biltur nå, sjå noko av landet :) Møta nye mennesker og ha det kjekt!

Cafeteria!

Pakke klart i båten og Jordie står å passer på! :D

Scott, faren sjølv tar seg ein god tur! 

Oppe på ei ski, er vanskeligare enn kva det ser ut til! 

Sam og Jordie!

Nydelig landskap oppe med lake Rocksfort

På veg heimover, etter ein kanon dag! 

Zoe og Lucy Lu i vinden :D

Driving the boat! 

torsdag 24. november 2011

Folket her nede !

Kanskje eg skulle sagt litt om personane her nede også!
Dei er heilt fantastiske, her sa det klikk med ein gong, etter første dagen var eg inne i både familie og arbeidsmiljø. Humoren er på topp, og ein skal alltid terge litt i nabomannen eller dama. Smilet er på lur, og ingenting blir for vanskelig.

Dei har alle ulike personlighetar, og er kjekt å vera med ungane for dei er på same intelektuelle nivå som meg. Gler meg til å lera dei nokre pranks, dei kan allereie mange frå før. Gler meg til dei lære meg nokon og. Skal og bli kjekt å sjå dei neste månadane og læra meg betre å kjenna kvar enkelt person. Er liksom akkurat komt forbi det gode førsteinntrykket, men føler likevel at eg har kjent mangen av dei lenge allereie. Og slik har det vore frå dag ein! Er blitt veldig godt tatt imot, og føler at det ikkje berre er av denne familien men folk på New Zealand er genuint snille. Eller det er iallefall den kjensla eg har. Noko som kjem til å bli heilt fantastisk dei neste 6 månadane! :D


Quick in English aswell! Just saying that the people down here are great! They got a really good sense of humor, and they are all full of crap, but the good crap. Like never afraid to make a fool of them self. Fighting calfs struggling on the ground, just laugh with them. Getting shit in the face from a cow, don't cry, it is just for fun, get it out afterwards. I also really liked how the vet calls back to a farmer to listen how a cow is hanging on. That is sweet thinking that they probably helps 300 cows a day.

All of the people down here has really different personalities, and are really looking forward getting to know them. Eventhough I feel like I already know a lot of them, just after a couple of weeks! And I don't think it is just this family that is really nice, I feel that the people of New Zealand are all great, they are open and welcoming, and wants the best for everybody! Which is great. So really looking forward to the next 6 months! :D

Starting to write a bit in English aswell!

I know I promised to nearly only write in Norweigen, but think I have to change a little bit about that. So basiclly this is a blog that goes over one year, when I'm placed in New Zealand to work. It will be heaps of fun, and lots of new experiences. Hopefully..

So now I've been here for a little over a week, starting to learn more slang, and understanding alot more.And just setteling in. I'm working on a farm, with 950 cows that need to be milked each day, and just imagen all of those calfs... But that bit is quite fun, driving around on a motorbike and showing that girl also can do things like this, it is not a mans work, or doesn't always need a mans touch.

When I got here they told me, that they would throw me into the deep, and I had to sink or swim.. I am still swimming and holding my head over water. And think I have changed some of the ways they think about girls here, that is quite cool. And is also trying to teach some of them where Norway is. Because they think it is in the middle of Europe...

Tomorrow will be my first day of, and that is going to be quite nice, going of shopping and seeing other people, and I'll try not to live by Murphy's law, where what can go wrong will go wrong. That is what I have done the last days, calf was dying, getting cows stuck, bending steal up in the rotating cowshed. Getting my bike stuck in the mud, and stuff like that. But today was quite nice, where I was fighting calfs, and tagging them! :) having a bit of fun, "arguing" with the boss when we were doing this.

So for now, If I could be a superhero I would be Awsome man. Flying around the world fighting crime, according to my awsome plan! :D


Living by Murphy's Law!

Murphys lov seie at det som kan gå galt, vil gå galt!

Det har det gjort dei siste dagane.... -.-
Men som den Frette Litlehamaren eg er, kan ein berre læra av dei tinga som går imot ein. Eller som Bestefar sa tidlegare, møte du ei hindring, jobb deg gjennom den og fortsett framover! :) 

Har nå klart å gjera, det men dette er nokre av tinga som har skjedd dei siste dagane. Ein kalv har død, var aleina i fjosen og kyrne satte seg bare fast i karusellen og bøyde stålet bakom ei anna ku! Har klart å setja mopeden fast i gjørmo, noko som gutane lo av. Toppgaten, eller det elektriska som skal få kyrne inn på karusselen slutta heilt å gå! Og dei kalvane som me liksom skulle flytta ville ikkje vera med oss, i det heile tatt! Klarte og å tømma mykje mjølk ut av kalveautomatane, og satte firhjulingen fast i gjørma fordi eg hadde for mykje opp dei to cafeteriane som eg kjørte med. (ein Cafeteria er det som me matar kalvane med, dei tar ca 500 liter i kvar), og eg kjørte med to på ca, 300 liter i kvar.

Men du skal få ein dag imorgon som rein og ubrukt står, med blanke ark og teiknestiftar til! Og den dagen fekk eg! :) Hadde ein fortreffelige dag idag, og har ca merka 70 kalvar i øyrene, ganske bra dagsverk. Me har også flytta alle dei, gitt dei ormakur, og tatt horna deiras. Har rett og slett dansa med kalvar idag, mens alt gjekk fint. Braut dei i bakken, for å få dei til å gjera som me ville, og hadde det ganske løye, eller var iallefall løye for sjefen å sjå på.. Han lo godt. Men var ikkje alltid så mykje betre sjølv, når han berre stod og holdt kalven etter halen og den dansa rundt han. Men Murphys lov kan ikkje gjelda for alltid, så min tabbekvote er over, håpe eg! :D

fredag 18. november 2011

litt bilete frå reisa :)

  Bilete frå flyplassen i Dubai! Ganske tøft, og stort område! :D

Eit nydelig bilete som gjekk over heile greia ! Var utruleg tøft! :) 

Ein av dei flotte traktorane di har her nede på gården.. 

  Store palmer som gjekk nedover ein korridor i Dubai! :) 

Elv i Balclutha, gler meg til å bada der! :) 

Her ser du ein av motorsyklane som dei har, og ein Cafeteria, som ein brukar til å fora kalvane med.

Noken av kyrne,, Merk : noken! 

Inngongen og utgongen til melkekarusellen! :) 
Så her går kyrne innpå, så går dei ein runde på ca. 10 minutt, før dei så går av på den andre sida av gjerdet. 

Eit lite klistremerke som me fekk, for å huska å alltid holda oss til venstre. thihi, skal ikkje vera lett å kjøra i eit anna land! :) 

Ida og Anders som skulle til Nord - Øya, så eg reiste med dei frå Oslo til Dubai! :) 

Kart over kor lang tid det kunne ta å gå til dei ulike plassane, noko som viser kor stor flyplassen var :) 

Fin liten regnskog inne under tak! :) 

Tilslutt eit lite søtt bilete av melkekarussellen, så her står kyrne, og bare gomle i seg mat, mens dei blir melka tomme. ! 


Unnskyld for at bileta er i slik forskjellig rekkefølge skal gjera det betre til neste gong! ;) 

Norsk melkesjokolade e digg ! xD


Akkurat nå savne eg Norsk melkesjokolade, og norsk, Norvegia, tine Kvitost! det e ordentlig digg. Har hatt ei flott veka, og introdusert folket her nede for brunost, der det kom mange rare ansiktsutrykk, men ein av dei var veldig open for det og vil gjerne ha det igjen. Har og lovd han komla om eg klarar å laga det. Hjelp. Ellers e det blitt lagt parkett på baderomsgulvet, me har gjort melkeprøvar på 950 kyr (i Noreg syns me det er eit slit når det er 20 kyr)... Her var det eit strev, og meine framleis at det er fabrikk arbeidd, men det er ganske moro. Og er ting som eg har vore borti før, bare i større skala. Det besta var då etter siste melkeprøvane, fekk me deilige frukost, med egg og bacon, og mykje anna som eg ikkje har smakt før. Mora til Scott var der og lagde mat til alle arbeidarane og det var kanon! :D

Her om dagen leverte eg ut små eventyrsjokolade til kvart familiemedlem, og me hadde eventyr stund på engelsk. Eller norske eventyr blei oversatt til norsk. Det var fantastisk. Ein sånn liten melkesjokolade kunne engasjera ein heil familie. Så passa lenge! Ganske tøft. Har også funne ut at me har mange fordelar som mange her nede ikkje har. Nokon av dei veit eingong ikkje kvar Noreg ligge, og spør meg heile tida om eg er frå Nederland.. Men som sagt med at me ligg så sentralt i Europa er det lett for oss å reisa, nokon av dei som er her har ikkje eingong vore utanfor Sør - Øya. Og blei utruleg fascinert av å høyra om England, og ting som gjekk an å gjera der. 

Har allereie klart å komma ganske godt inn i rutinane og det bare på eit par dagar. No køyre eg aleina avgårde og fôre kalvar, og arbeidde ein del aleina. Seinare kan eg begynna å gå på Rugby treningar håpe eg! det ska bli kanon. Så er det nokon her som er veldig villige til å hjelpa meg å finna aktivitetar å gjera på. Men ikveld  var det berre Wii speling med ungane, kanon gøy, men blei jo slått ned i støvlane! :D Trur det er det eg har vore dårlegast på til nå av alle tingene eg har prøvd! :P

mandag 14. november 2011

Vaken! :)

Trudde liksom at eg skulle vera så tøff og at kroppen ikkje skulle vera sliten, men neida, sovna og sov 20 timar, før eg så hadde middag og sov litt til.. Fekk liksom ikkje gjort noko før mandagen.. Då var me til Balclutha og handla ein del ting, støvlar og regnkledde og sånt. Opna bankkonto, og fekk nytt simkort. Så var det middag med familien og planlegging av ulike ting.

Så kom tysdagen, opp og tok meg ein dusj, så var det endelig igang med litt arbeid. På tide å bli Thrown into the deep, som di seie her, så er det sink or swim! Eg prøve heila tida å fortsetja å svømma! :) Først var det igong med å separera kalvar, slik at nokon framleis skulle gå på melk, medan resten var ferdig med det. Så fekk eg kjøra kjapp opplering i firhjulingen.. (FIRHJULING JA) Viktig redskap her på gården. Så var det litt kjøring opp og ned, før eg henta kalvematerar og föra ca 150 - 200 kalvar (ikkje bare litt) :P Så fekk eg også hjelpa til å jaga litt kyr inn i ein spesialinnhegning, før dei satte ei tuberkulose sprøyta i dei. Etter det var det opp til Cowshed for å bli vant til det. Altså fjosen. Der var det rett på melking av kyr, og nei det er ikkje likt som i Noreg.

Fortalte oppleringsgutten min at me melka 20 kyr, og han trudde me brukte ti minutt... Her får dei alle kyrne opp i ein karussell som tar 50 kyr per runde, så er det berre å setta på kopper.. Det var veldig nytt, og litt spennande, fekk også kjøra litt bil sånn innimellom, og her kjøre dei på feil sida. Det er kjekt kor snille og hjelpsamme alle er, og dei seie alle at eg kjeme til å passe fort inn, håpe det er sant :)

Skal få tatt nokre bilete og legge ut! Er utruleg tøffe område! Ein treng firhjuling eller motorsykkel for å komme seg rundt her!

Har vore noken utrulege første dagar, og blir berre heven uti på djupna, noko som er skummelt men kjekt! :) så får me berre sjå om me fortsette å svømma eller om eg byrjar å synke!! har det iallefall kjekt mens eg gjere det!  Får berre ta ein dag som den kjeme, så får me sjå korleis det går! :)

lørdag 12. november 2011

Da var me framme!!! :D

Reiste fra Etne seint paa kvelden den 9, var saa innom Oslo, til Copenhagen, fra der til Dubai, som me blei litt heile natta og sov paa smaa benker. Saa var det fraa Dubai til Bangkok, der maatte me av flyet og springa gjennom heile flyplassen, for aa komma seg gjennom sikkerhetskontroll og opp til den same gaten som me gjekk ut av og inn paa samma flyet igjen! :P

Fraa Bangkok reiste me til Sydney, det var ein lang flytur og gjekk mykje i filmar og tvseriar. Men var og stilig aa sjaa ut av vindaugaet, for rett utforbi var det fleire lyn som dansa gjennom skyene. Og inne i flyet var det stille og romanstisk, oppe i taket hadde dei stilig smaa lys som saag ut som stjerner der dei var. Heilt ubeskriveleg. Utenom det saa kom eg i kontakt med andre folk som skulle same vegen som meg, for dei andre nordmennene forlot eg i Dubai :P Dei skulle paa eit anna fly.

Saa fraa sydney til Christhchurch og gjennom tollen der, alt gjekk utruleg nok fint! slapp botar og maatte ikkje kasta noko. Saa reiste me med eit lite flyselskap fraa Christchurch til Invercargill! Det var kalla New Zealand air og der delte dei ut godteri, og var veldig sjarmerande lite flyselskap! Blei saa moett av ei utruleg koslige dama ( Collette) og ungen hennar Zoe (som e bare litt yngre enn Ragnhild). Der me hadde mange kjekke samtalar om gardsbruk, jakt, norsk og new zealands skikk..

Utenom det saa e eg utruleg troeytt og springe til sengs naa! Saa faar me sjaa kva morgondagen bringe! :D

onsdag 9. november 2011

Under 24 timer igjen!!!!! :D

Imorgon på denne tida er me på flyet! Reise frå Etne ikveld med nattbuss, så blir det flytog og fly frå Oslo til København 10.05 !! Å herregud, eg gler meg !!!!!! :DDD men har likevel ikkje klart å pakka endå, så nå er pakkinga i full gong, men har heldigvis ingen andre ærend idag! Så får eg bare håpa eg er ferdig pakka til bussen går.

Blir ein lange flytur, skal først innom København, så derfrå til Dubai.. Overnatter i Dubai, før me så fyke til Christchurch, frå Christchurch til Invercargill, der familien skal stå å venta på meg. Alt i orden, har til og med heimreisedato, er heime i Etne igjen rundt morgonen den 3 juni, iallefall slik det ser ut nå! :)

Herlighet skal bli merkelig å reise så langt aleina for første gong, var nå heldigvis to andre frå Noreg som skal på same flyet så då kan me passe litt på kvarandre! Men nå må eg verkeleg forta meg å pakka, elles blir eg aldri ferdig! :P

Herleghet!!!! NEW ZEALAND! :D

mandag 7. november 2011

Avreise Torsdag 10ende Oktober, nei vent,, NOVEMBER! :D

Nå er avreisedato klar, passet kom i posten idag! Var veldig fin bursdagspresang! :D Leiligheten er klar der nede, og alt begynne å ordna seg. Nesten ferdig med julepakkar, og får meir detaljar om avreise imorgon! :)
Har hatt nokre veldig fine dagar her heime! og skal bli merkelig å reisa, men skal også bli litt godt! har venta lenge nå :)

Avreise torsdag 10 oktober skreiv England til meg, men nei, skulle vera november! alt ordna der og. Men ting går fort litt overstyr. Visumet dekker ei fin lita sida i passet og viser at eg kan vera i New Zealand til 15.06.2012! xD

Ha ein fortreffelige dag alle saman! :D

tirsdag 1. november 2011

Visum er godkjent! :D

Fekk epost idag om at no er visumet i orden og vil vera i posten om ein til to dagar! :)
Så får me sjå kva tid avreise blir, om det blir før eller etter helga, håpar litt at det blir etter, då kan eg fikse nokre små ting som eg må fikse. Og får så isåfall sagt hadet til dei som eg må sei hadet til! :D

Men VISA APPROVED!!!

torsdag 27. oktober 2011

Bilete av familien, og området rundt!


Scott and Collette adults, Sam in the red Hawaiian Shirt (13), Jordie (11) in the blue and Zoe (8) in the dress.

 Kalvinga er ferdig der nede, og dei har no 350 kalvar som treng mat!  :)
Like at det er same type melkebarar me har heime.

Nokre av kyrne ute i paddockane, og ser hushjørna trur eg.

Utsikt frå huset, er eit veldig bølgande landskap.


Dette er bilete som Collette har sendt til meg, det er tøft å sjå. Heilt merkeleg å tenka på at det er sommar der nede, og akkurat no er temperaturane varierande mellom vinter og sommar.
New Zealand ligg +13 timar før oss. Så blir nok litt jet - lag med å komma ned der.

Ventetid!

Nå har me venta lenge, har fått mange spørsmål om kva tid eg reise. Eg har ikkje peiling, baggen er på veg til å bli pakka og er klar til å reisa idag dersom eg får beskjed om det. Men det er jo slik at den som venter på noko godt / kjekt venter ikkje forgjeves. Byrjar å bli heilt utruleg spent. Dagane går utruleg fort, og det har nå gått tre veker sida visum søknaden vart sendt inn. Men det har ikkje skjedd noko meir der. (Treng godkjent visum før organisasjonen vil kjøpe flybilletar) + eg treng passet som ikkje er her endå. Det er sendt avgårde med visumsøknaden. Så det har no vore tre merkelige veker. Grunnen til at ting tar tid denne hausten, er fordi hovudkontoret for organisasjonen har blitt flytta frå Danmark til England no i sommar. Samtidig bytta dei navn, og då blir det søkt under eit anna navn og då tar ting litt lenger tid. Men det må jo snart skje noko! Er likevel litt godt å vita at det blir masa i alle endar. Familien nede på New Zealand ventar, og Clare (kontaktperson frå England), og utreiseansvarleg i Noreg er flinke å masa, og dei er veldig flinke å svara på epostar.

Er likevel greit å ta ein dag som den kjeme, og får oppleva nye ting som eg ikkje hadde forventa at eg skulle få tid til iallefall ikkje sida eg skulle reisa i starten av Oktober. No er me i enden av oktober, men passa fint for vertfamilien at eg kunne komme etter 25, og eg blei sjuk i ei veka, og det var greit å vera heima for å bli frisk. Men no er eg klar, baggen står open på rommet klar til å fyllast i, klede er begynt å vaskast, og familien har lagt klar leilighet der nede. Internasjonalt førarkort er innhenta, og julepresangar er begynt å bli kjøpt inn.

Imens me ventar deltar me på speidarmøte, arbeidar, og kosar seg med venner. I tillegg til at me er på Enge skule og fortell om New Zealand og reisa. Det er noko som eg fann skummelt, men var utruleg kjekt. Dei var snille og greie, følgde utruleg med. Håpe dei syns det var like kjekt. Dersom nokon er interessert i å få vite meir om New Zealand kan dei gå inn på :
http://www.explore-nz.blogspot.com/

For meir informasjon om organisasjonen IAEA kan ein gå innpå :
http://www.agriventure.com/
Det er hovudsida for den internasjonale organisasjonen som send mennesker rundt over heile verda.
Collette Keenan, som eg skal bu hjå var til dømmes, i Noreg for 20 år sida, gjennom same organsisajonen. Er utruleg mange som reisar kvart år, og er utruleg spanande å høyra deira historiar.

No fortsetje me å venta i spenning, og planlegg ikkje noko langt framover. Skal bli godt å komma nedover. Men treng forslag på gaver som er mogleg å ta med til vertsfamilie. Berre gje ein liten kommentar dersom du har eit forslag ! ;)

torsdag 29. september 2011

Familien min! xD

Sitter her og høyre på If your going through hell, av Rodney Atkins og lytter til at mamma og di ha kose stund på terrasen. Er første gang i løpet av heile sommmaren. Samtidig tenker eg at det er på tide å seie at eg har fått meg familie å bu hjå nede på New Zealand! :) No er det nærere to veker til eg reiser, er framleis ikkje heilt sikker på avreise dato, men det nærmar seg. Så det er altså to veker igjen med arbeid, men kan ikkje arbeide heima dei to vekene, sida mamma, pappa og Ragnhild skal reisa med Hurtigruta har dei hyrt Stanislaw som er landbruksvikar, fordi dei viste ikkje om eg skulle vera heima på den tida. 

Dei reiser på ei uforglemmeleg reise på lørdagskveld, og eg skal vera i Nedstrand i to veker! :D Gler meg. Men nok om det, har som sagt fått meg familie på New Zealand. Clare Wass frå England, ho som styrer med saken min, sende epost her om dagen angåande ein familie som allereie hadde skrevet under på kontrakt og alt. Der ho spurde om eg ville godta det. Brukte nokre dagar på å sjå gjennom den , og samtidig sjekka ein annan familie eg hadde på vent. Men valgte tilslutt denne familien! Det er ein familie på fem, der dei også har fem andre arbeidarar. 

Det er mor, far og tre unger, der den eldste er 13 år. Ein koseleg alder, det blir nesten som når eg har arbeid hjå tante Randi og dei. Denne gården er forresten utruleg stor, dei har 950(!!!!!) kyr, som alle melke, pluss dei hadde 350 noko anna (forstod ikkje heilt kva dei meinte med bokstavane RI?) også hadde dei 3 hundar. Dei tre hundane var faktisk med å hjelpa til at eg valgde denna gården. Noko anna som og hjalp til var at eg blir ikkje gåande aleina å arbeida, kan også velga å bu med to andre personar i ei hytta, eller få min eigen leilighet over garasjen. Det at dei hadde fylt ut så mykje anna enn berre arbeidet trakk mykje opp, og dei forventa ikkje at eg skulle kunne alt, dei skulle læra meg underveis. Gler meg veldig til å reisa ned og treffe desse nye menneska og sjå deira verden, bare det at det er så stort gjere jo at alt blir annerledes. 

Denne store gården har beliggenhet i Clydevale, i Clinton ein liten by i South Otago nede på sør - øyane av New Zealand. 
Clinton is located in New Zealand
Clinton ligg heilt nederst av  kartet, sør- vest. 
Dette er nokre bilete frå Clinton elva, skal prøva å få tatt fleire bilete av byen og landsbygda når eg kjemer ned der. Har sikkert større forhåpningar enn kva som møtar meg der. Men blir noko stilig likevel. Ca. 1 time frå der eg skal bu står det skrevet på eit kart at det er mogleg å finna delfinar. SÅ no ser eg fram til 6 mnd, med nydeleg landskap, og nye venner og spennande opplevingar. Vonar familien vil ta imot meg med opne armar, og at mi første jul heimante frå blir koselege, og heimslege. 

Utanom at alt begynner å ordna seg, visumsøknad er sendt, og passet levert. Eg har som sagt fått familie, rekninga er nesten betalt, og det er snart på tide å pakka. Byrjar eg også å få reise nerver, veit ikkje heilt korleis det skal bli å fly så langt, og om eg skal klare å komma fram. Men nerver er bra, det visar at eg er klar. Har også fått lagd denne bloggen, og begynt å gjera det lettare for familie og venner å halda kontakt med meg med å skaffa meg Skype, og har også skaffa dei Skype. Slik at når ingen av oss sover, pga tidsforskjellane, kan me ha videosamtalar og høyre korleis det går med kvarande. Reknar med at det må avtalast i forkant, men trur at alt no kjem til å ordna seg! :D 

Blir utruleg kjekt å treffa Scott og Collette Keenan! Og resten av staben deiras. Hmm,,, begynner å bli veldig klar til dette, men skal bli merkeleg å reisa vekk her ifrå også. Blir likevel godt med sol og sommar der nede, kanskje eg til og med kan få litt farge? :P 

fredag 23. september 2011

Det nærme seg!

Reisa er allereie byrja! Historia byrjar for fire år sida, når eg var på WSJ i England, då starta mi store interesse for New Zealand. Den hadde vore der litt før, men det å treffa folk der i fra og bli kjend med dei, gjorde det meir verkeleg, og lysten har heile tida vore der. Var heilt hekta i nokre år, og kunne nesten ikkje snakka om noko anna, fekk høyra mange kjekke historiar frå folk som hadde vore der, bare på ferie eller i lengre tid.

Eg hadde lyst til å reisa med ein gong, men sidan mamma og pappa ikkje følte at eg var gamal nok måtte eg berre smøra meg med tålmod. Fant gjennom Bondebladet ei annonse, som var svar på mine draumar, ein kunne reise ned å arbeida på New Zealand eller Australia det ein ville. Denne sida vart noko som eg kontinuerleg vente tilbake til, både i skuletid og på fritid. Reisa skulle bli gjennom ein organisasjon kalla IAEA, på internett agriventure.com. For å kunne reisa med dei måtte ein vera mellom 18 og 30 år, så eg måtte først bli som sagt gamal nok. Også måtte eg få billappen.

Lappen tok eg med ein gong eg vart 18 så då var eg eigentleg klar til å reisa, men då følte eg sjølv at eg ville fullføre skulen. Så etter 4 år på skule kunne eg endeleg søka! Søknaden vart sendt inn gjennom ei snill dame som eg var på intervju hos, ho var utruleg koseleg. Så tok det litt tid før eg fekk noko svar. Betalte inn depositum på 5000, og håpte at søknaden min skulle bli sendt vidare. Var belaga på litt venting allereie, men det vart plutseleg mykje venting. Familie og venner byrja og spørja kva tid eg skulle reisa, og eg viste endå ingenting. Så ei stund etter at eg eigentleg skulle betalt restbeløpet, som eg trudde var på 32 000, tok eg mot til meg og ringte dei for å høyra korleis det låg an. Det eg fekk til svar der, frå endå ei hyggeleg dame, var at endå i løpet av 4 år var det endå ingen som ikkje hadde fått lov til å reisa. 

Så då var søknaden sendt vidare til England, der hovudkontoret er, og eg måtte smøra meg med endå litt meir tolmod. Er vanskeleg når ein har lyst til noko. Etter at eg kom heim frå Sverige frå ein ny Verdensjamboree, der eg også traff igjen nokre av New Zealendarane som hadde vore med for 4 år sidan, var det rett igong med arbeid. No har eg arbeid i snart halvannen måned, både helger og veker for å få pengane til å rekka til. Med god hjelp frå familie og venner har eg fått meg ulike jobbar og gjer ting som eg trivest med. Får prøva ulike typar gårdsarbeid og har mykje ansvar der, eg får også prøva å vera lærarvikar, kvar gong dei ringer etter meg. Det er veldig spennande! 

No er det komt så langt at eg vonar å reisa rundt den 17. oktober, bare vonar alt går i orden der. Har sendt inn søknad om Arbeidsvisum, og har faktisk fått e- post frå ein familie der nede som kan vera interessert i å ha meg til å arbeida der hjå dei. Dei bur i Southland, New Zealand. Sjekka på kartet og det virka som ein fin plass. Har endå ikkje svart på e -posten er litt skummelt, men skal gjera det seinare idag. Dersom eg kjem til dei kan det bli mykje løye som skjer. Eg veit eigentleg ingenting om korleis dette året skal bli. Tar ein dag som han kjem. Gler meg til  mange nye opplevingar, og treffa mange nye mennesker. Skal prøva å skriva her inne minst ein gong i veka, og legga til bilete frå korleis det går. Ser fram til eit veldig spennande år!