fredag 23. september 2011

Det nærme seg!

Reisa er allereie byrja! Historia byrjar for fire år sida, når eg var på WSJ i England, då starta mi store interesse for New Zealand. Den hadde vore der litt før, men det å treffa folk der i fra og bli kjend med dei, gjorde det meir verkeleg, og lysten har heile tida vore der. Var heilt hekta i nokre år, og kunne nesten ikkje snakka om noko anna, fekk høyra mange kjekke historiar frå folk som hadde vore der, bare på ferie eller i lengre tid.

Eg hadde lyst til å reisa med ein gong, men sidan mamma og pappa ikkje følte at eg var gamal nok måtte eg berre smøra meg med tålmod. Fant gjennom Bondebladet ei annonse, som var svar på mine draumar, ein kunne reise ned å arbeida på New Zealand eller Australia det ein ville. Denne sida vart noko som eg kontinuerleg vente tilbake til, både i skuletid og på fritid. Reisa skulle bli gjennom ein organisasjon kalla IAEA, på internett agriventure.com. For å kunne reisa med dei måtte ein vera mellom 18 og 30 år, så eg måtte først bli som sagt gamal nok. Også måtte eg få billappen.

Lappen tok eg med ein gong eg vart 18 så då var eg eigentleg klar til å reisa, men då følte eg sjølv at eg ville fullføre skulen. Så etter 4 år på skule kunne eg endeleg søka! Søknaden vart sendt inn gjennom ei snill dame som eg var på intervju hos, ho var utruleg koseleg. Så tok det litt tid før eg fekk noko svar. Betalte inn depositum på 5000, og håpte at søknaden min skulle bli sendt vidare. Var belaga på litt venting allereie, men det vart plutseleg mykje venting. Familie og venner byrja og spørja kva tid eg skulle reisa, og eg viste endå ingenting. Så ei stund etter at eg eigentleg skulle betalt restbeløpet, som eg trudde var på 32 000, tok eg mot til meg og ringte dei for å høyra korleis det låg an. Det eg fekk til svar der, frå endå ei hyggeleg dame, var at endå i løpet av 4 år var det endå ingen som ikkje hadde fått lov til å reisa. 

Så då var søknaden sendt vidare til England, der hovudkontoret er, og eg måtte smøra meg med endå litt meir tolmod. Er vanskeleg når ein har lyst til noko. Etter at eg kom heim frå Sverige frå ein ny Verdensjamboree, der eg også traff igjen nokre av New Zealendarane som hadde vore med for 4 år sidan, var det rett igong med arbeid. No har eg arbeid i snart halvannen måned, både helger og veker for å få pengane til å rekka til. Med god hjelp frå familie og venner har eg fått meg ulike jobbar og gjer ting som eg trivest med. Får prøva ulike typar gårdsarbeid og har mykje ansvar der, eg får også prøva å vera lærarvikar, kvar gong dei ringer etter meg. Det er veldig spennande! 

No er det komt så langt at eg vonar å reisa rundt den 17. oktober, bare vonar alt går i orden der. Har sendt inn søknad om Arbeidsvisum, og har faktisk fått e- post frå ein familie der nede som kan vera interessert i å ha meg til å arbeida der hjå dei. Dei bur i Southland, New Zealand. Sjekka på kartet og det virka som ein fin plass. Har endå ikkje svart på e -posten er litt skummelt, men skal gjera det seinare idag. Dersom eg kjem til dei kan det bli mykje løye som skjer. Eg veit eigentleg ingenting om korleis dette året skal bli. Tar ein dag som han kjem. Gler meg til  mange nye opplevingar, og treffa mange nye mennesker. Skal prøva å skriva her inne minst ein gong i veka, og legga til bilete frå korleis det går. Ser fram til eit veldig spennande år! 

2 kommentarer:

  1. Hei jenta, dette går bra, bare husk at møter du veggen, så riv den ned og forsett rett frem.

    Bestefar

    SvarSlett
  2. Takk, det skal eg huske på ! :D du e goe du! Gla i deg :)

    SvarSlett