torsdag 29. september 2011

Familien min! xD

Sitter her og høyre på If your going through hell, av Rodney Atkins og lytter til at mamma og di ha kose stund på terrasen. Er første gang i løpet av heile sommmaren. Samtidig tenker eg at det er på tide å seie at eg har fått meg familie å bu hjå nede på New Zealand! :) No er det nærere to veker til eg reiser, er framleis ikkje heilt sikker på avreise dato, men det nærmar seg. Så det er altså to veker igjen med arbeid, men kan ikkje arbeide heima dei to vekene, sida mamma, pappa og Ragnhild skal reisa med Hurtigruta har dei hyrt Stanislaw som er landbruksvikar, fordi dei viste ikkje om eg skulle vera heima på den tida. 

Dei reiser på ei uforglemmeleg reise på lørdagskveld, og eg skal vera i Nedstrand i to veker! :D Gler meg. Men nok om det, har som sagt fått meg familie på New Zealand. Clare Wass frå England, ho som styrer med saken min, sende epost her om dagen angåande ein familie som allereie hadde skrevet under på kontrakt og alt. Der ho spurde om eg ville godta det. Brukte nokre dagar på å sjå gjennom den , og samtidig sjekka ein annan familie eg hadde på vent. Men valgte tilslutt denne familien! Det er ein familie på fem, der dei også har fem andre arbeidarar. 

Det er mor, far og tre unger, der den eldste er 13 år. Ein koseleg alder, det blir nesten som når eg har arbeid hjå tante Randi og dei. Denne gården er forresten utruleg stor, dei har 950(!!!!!) kyr, som alle melke, pluss dei hadde 350 noko anna (forstod ikkje heilt kva dei meinte med bokstavane RI?) også hadde dei 3 hundar. Dei tre hundane var faktisk med å hjelpa til at eg valgde denna gården. Noko anna som og hjalp til var at eg blir ikkje gåande aleina å arbeida, kan også velga å bu med to andre personar i ei hytta, eller få min eigen leilighet over garasjen. Det at dei hadde fylt ut så mykje anna enn berre arbeidet trakk mykje opp, og dei forventa ikkje at eg skulle kunne alt, dei skulle læra meg underveis. Gler meg veldig til å reisa ned og treffe desse nye menneska og sjå deira verden, bare det at det er så stort gjere jo at alt blir annerledes. 

Denne store gården har beliggenhet i Clydevale, i Clinton ein liten by i South Otago nede på sør - øyane av New Zealand. 
Clinton is located in New Zealand
Clinton ligg heilt nederst av  kartet, sør- vest. 
Dette er nokre bilete frå Clinton elva, skal prøva å få tatt fleire bilete av byen og landsbygda når eg kjemer ned der. Har sikkert større forhåpningar enn kva som møtar meg der. Men blir noko stilig likevel. Ca. 1 time frå der eg skal bu står det skrevet på eit kart at det er mogleg å finna delfinar. SÅ no ser eg fram til 6 mnd, med nydeleg landskap, og nye venner og spennande opplevingar. Vonar familien vil ta imot meg med opne armar, og at mi første jul heimante frå blir koselege, og heimslege. 

Utanom at alt begynner å ordna seg, visumsøknad er sendt, og passet levert. Eg har som sagt fått familie, rekninga er nesten betalt, og det er snart på tide å pakka. Byrjar eg også å få reise nerver, veit ikkje heilt korleis det skal bli å fly så langt, og om eg skal klare å komma fram. Men nerver er bra, det visar at eg er klar. Har også fått lagd denne bloggen, og begynt å gjera det lettare for familie og venner å halda kontakt med meg med å skaffa meg Skype, og har også skaffa dei Skype. Slik at når ingen av oss sover, pga tidsforskjellane, kan me ha videosamtalar og høyre korleis det går med kvarande. Reknar med at det må avtalast i forkant, men trur at alt no kjem til å ordna seg! :D 

Blir utruleg kjekt å treffa Scott og Collette Keenan! Og resten av staben deiras. Hmm,,, begynner å bli veldig klar til dette, men skal bli merkeleg å reisa vekk her ifrå også. Blir likevel godt med sol og sommar der nede, kanskje eg til og med kan få litt farge? :P 

fredag 23. september 2011

Det nærme seg!

Reisa er allereie byrja! Historia byrjar for fire år sida, når eg var på WSJ i England, då starta mi store interesse for New Zealand. Den hadde vore der litt før, men det å treffa folk der i fra og bli kjend med dei, gjorde det meir verkeleg, og lysten har heile tida vore der. Var heilt hekta i nokre år, og kunne nesten ikkje snakka om noko anna, fekk høyra mange kjekke historiar frå folk som hadde vore der, bare på ferie eller i lengre tid.

Eg hadde lyst til å reisa med ein gong, men sidan mamma og pappa ikkje følte at eg var gamal nok måtte eg berre smøra meg med tålmod. Fant gjennom Bondebladet ei annonse, som var svar på mine draumar, ein kunne reise ned å arbeida på New Zealand eller Australia det ein ville. Denne sida vart noko som eg kontinuerleg vente tilbake til, både i skuletid og på fritid. Reisa skulle bli gjennom ein organisasjon kalla IAEA, på internett agriventure.com. For å kunne reisa med dei måtte ein vera mellom 18 og 30 år, så eg måtte først bli som sagt gamal nok. Også måtte eg få billappen.

Lappen tok eg med ein gong eg vart 18 så då var eg eigentleg klar til å reisa, men då følte eg sjølv at eg ville fullføre skulen. Så etter 4 år på skule kunne eg endeleg søka! Søknaden vart sendt inn gjennom ei snill dame som eg var på intervju hos, ho var utruleg koseleg. Så tok det litt tid før eg fekk noko svar. Betalte inn depositum på 5000, og håpte at søknaden min skulle bli sendt vidare. Var belaga på litt venting allereie, men det vart plutseleg mykje venting. Familie og venner byrja og spørja kva tid eg skulle reisa, og eg viste endå ingenting. Så ei stund etter at eg eigentleg skulle betalt restbeløpet, som eg trudde var på 32 000, tok eg mot til meg og ringte dei for å høyra korleis det låg an. Det eg fekk til svar der, frå endå ei hyggeleg dame, var at endå i løpet av 4 år var det endå ingen som ikkje hadde fått lov til å reisa. 

Så då var søknaden sendt vidare til England, der hovudkontoret er, og eg måtte smøra meg med endå litt meir tolmod. Er vanskeleg når ein har lyst til noko. Etter at eg kom heim frå Sverige frå ein ny Verdensjamboree, der eg også traff igjen nokre av New Zealendarane som hadde vore med for 4 år sidan, var det rett igong med arbeid. No har eg arbeid i snart halvannen måned, både helger og veker for å få pengane til å rekka til. Med god hjelp frå familie og venner har eg fått meg ulike jobbar og gjer ting som eg trivest med. Får prøva ulike typar gårdsarbeid og har mykje ansvar der, eg får også prøva å vera lærarvikar, kvar gong dei ringer etter meg. Det er veldig spennande! 

No er det komt så langt at eg vonar å reisa rundt den 17. oktober, bare vonar alt går i orden der. Har sendt inn søknad om Arbeidsvisum, og har faktisk fått e- post frå ein familie der nede som kan vera interessert i å ha meg til å arbeida der hjå dei. Dei bur i Southland, New Zealand. Sjekka på kartet og det virka som ein fin plass. Har endå ikkje svart på e -posten er litt skummelt, men skal gjera det seinare idag. Dersom eg kjem til dei kan det bli mykje løye som skjer. Eg veit eigentleg ingenting om korleis dette året skal bli. Tar ein dag som han kjem. Gler meg til  mange nye opplevingar, og treffa mange nye mennesker. Skal prøva å skriva her inne minst ein gong i veka, og legga til bilete frå korleis det går. Ser fram til eit veldig spennande år!