mandag 20. februar 2012

Månedane og vekene går fort!

Hadde ei utruleg snill søster som fortalde meg at no er det berre 12 veker igjen før eg skal reisa heim. ER heilt merkeleg. Ser på familien her nede som ein ekstra familie og same med gutane eg jobbar med. Dei er fantastiske. Men gler meg likevel til å komme heim, men har lyst til å sjå meir her nede før eg reisar heim! :D kanskje eg tar meg ein tur til Australia også , når ein først er her nede så.

I det siste har det vore mykje jobbing og litt reising rundt omkring. Var ei helg oppe i Queenstown der eg hoppte ut av eit fly på 12000 fots høgde som var heilt utruleg ! :D Noko anna som eg gjorde den helga var å få meg ein tatovering på den høgre skuldera mi! Det er ei ørn som holder ein firkløver. Som symbolisere frihet og å reisa rundt der ein vil. Det er eit sterkt dyr, så firkløveren er ein lykke firkløver, og står for familien min, og vennene mine. Er ganske så stolt over den :) Er Sam Keenan som har lagt teikninga også, noko som er kult!

Fallskjermhoppinga var heilt utruleg forresten! :D det var merkeleg å falle ut av eit fly frå 12 000 fots høgde, men har lyst til å gjera det igjen også! utenom det har eg prøvd å fått vore med å scanna kyr for å sjå om det er kalv i dei. Det var ein lang men interessant jobb. Var fleire med kalv enn kva dei hadde trudd. Også er det mykje anna jobb som må gjerast. Er spennande å sjå kva som må gjerast her nede i forhald til heime. Akkurat no er det skifting av kyr frå ulike beiter slik at dei skal få nok mat i magen. Me hadde ei ku som dødde igår fordi, ho låg i nedover bakke og var sjuk med mastitis, også fekk hu gass i magen sin.

Utenom det på fritida er det å vera med venner, gå på kino, eller vera på tur med dei. Her om dagen hadde eg to fantastiske dagar på Field days! som er landbruksdagar, der dei visar traktorutstyr, og traktorpulling og anna landbruksutstyr! Det var nokre spennande dagar, der dei også viste dyr, og litt sånn. Var omkring 40 000 personar innom der i løpet av tre dagar. Noko som er ganske tøft, men det tømte også bensinpumpene for bensin. Noko som gjorde at eg måtte parkera bilen min, og låna ei dansk jenta sin bil istedet. For bilen min gjekk tom for bensin. Lite kjekt. Men litt spennande også.

Begynne å bli litt trist her no, for dei næraste vennene eg har gjennom organsiasjonen her nede reise snart heim igjen, dei har kun ei lita veka igjen. Og eg kjeme til å savne dei utruleg mykje!

Så her er iallefall litt om kva som har skjedd! Så får me berre sjå kva som skjer framover :D

Skal prøva å bli betre å skriva innpå her ! :)