tirsdag 20. mars 2012

Ut på tur aldri sur!!

Den spennande søndagen me hadde!

Det var tidleg søndag morgon, der me låg og såg på den fantastiske filmen World Trade Center. At me fant ut at me kunne ikkje ligge her og ikkje gjera noko. Så Alex, Sarah og Lillian pakka seg sjølv inn i Bilen (Bob Kåre) og reiste av gårde. Der kor naso kunne føra dei. Først var dei på leit etter noko mat.. Kva type mat ville dei ha??? hmmm... jo dei ville prøva seg på Kentucky Fried Chicken (noko som ikkje vil skje igjen for Lillian si skuld ). Men dei stoppa i den nydelige landsbyen av Gore (der dei har store ørretar i gato) for å få seg litt KFC. Betjeninga hadde rynker som hang ned til knærne men utenom det så prøvde dei å strekka dei litt opp. Men ville helst ha Alex, Sarah og Lillian ut av døra. Sjølv om dei ikkje gjorde noko gale.

Etter KFC og bensin til Bob Kåre, han treng også noko mat. Uten mat og drikke duger helten ikke. Reiste det glade følget avgårde der ingen kunne tru at nokon kunne bu.. Dei fulgte den lange landeveien, og kom fram til ein søt liten landsby kalla Lumsden, der det var på tide med ein liten do pause, og litt snacks for resten av vegen. Så kjørte dei vidare gjennom ulikt landskap, til dei kom til ein skummel, mørk, men nydelige plass kalla Te Anau.. (What to do). Skulle dei bli på denne skumle, mørke, men nydelige plassen eller skulle dei fortsetja for å sjå kva som låg foran dei. Så dei fortsatte, var litt merkeleg når alle bilane dei møtte kjørte den andre vegen men neida vårt trivilege følge fortsatte!

Mil etter mil, dei kjørte, så blei dei ganske så tørste så dei stoppa for litt Fizzywater! Kan vera det ikkje var så lurt, men vatnet smakte godt uansett! :D Så måtte dei stoppe å nyte utsikten litt, dette skjedde i løpet av to sekund, før Alex fekk høgdeskrekk, og Lillian sine føtter ikkje tålte bakken! Så var det å køyra endå lenger og berre nyta utsikten frå bilen. Dei kjørte forbi den magiske skogen, til dei kom der fjellet grein. Og gu kor detta fjellet grein! Våre tre følgesvenner viste ikkje kva dei skulle gjera, så dei tok fram kameraene sine og tok bilete av det stakkars fjellet som grein. Til dei kom til ein liten dæsj av snø som ingen var lov til å røra, men gu så nydelig det var. Så kjørte me gjennom tunnelen (jess den eine tunnelen som dei hadde her) Før me kom til slangevegen, og kjørte og kjørte. Til me kom til den magiske fjorden! Fjorden som skal ha delfinar og alt, men ånei, det begynte å bli mørkt! På tide å komma seg heim igjen.. Spesielt sida stakkars Alex måtte arbeidda den neste dagen! Så då kjørte me for fleire timar for å komma tilbake til sivilisasjon og mobil dekning. Men eg vil sei me hadde ein spennande tur :) og blei iallefall godt kjent med mine medsammensvorne ! :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar